Hopp over navigasjonskoblingerNyhende > Kart
Informasjon Publisert 26.07.2010
Bilde mottatt 16.07.08 frå Ole Kristian Sørlie

Juli og august er tid for konsertar og arrangement i Nord-Fron. Først ute er Countryfestivalen på Vinstra 7. - 11. juli.

Bygdearrangementet Liv lågå i Skåbu foregår helga 16. - 18. juli.

Under Folkefesten Vinstra 22. - 24. juli deltek m.a. Hellbillies, Stage Dolls og The Cumshots.

Per Gynt stemnet startar opp 28. juli og varer fram til 8. august.

Under Per Gynt-stemnet blir det også Handelsstemne 31. juli på Vinstra.  Denne laurdagen ( kl.10.30 - 14.00)  blir det liv og røre i Nedregate på Vinstra. Handelsopptog, utstilling, kaffesal og handels- og profilerings boder utanfor kommunehuset.

 Nytt høvet til å oppleve eitt eller fleire av dei flotte arrangementa i sommar !

Informasjon Publisert 06.07.2010
Rundballing

Landbruksfondet er eit kommunalt fond som er oppretta for å styrke landbruket.

Søknadsfristen til Landbruksfondet er 20. august 2010.

Informasjon Publisert 25.06.2010

Reguleringsplan for Lomoen næringsområde var lagt ut til offentleg ettersyn i perioden 25.02. - 22.04.2010. Planen var lagt ut med tre alternativ for E6-kryss og fire alternativ for plassering av vegserviceanlegget. Det kom merknader frå 13 instansar. Av desse kom tre med motsegn til delar av planen. Det galt både Fylkesmannen i Oppland, Oppland fylkeskommune og Statens vegvesen.

Informasjon Publisert 25.06.2010

Plan- og næringsutvalet vedtok i møte 08.06.2010, sak 62/10 å leggje ut reguleringsplan for Ljoshaugen hytteområde til andre gongs offentleg ettersyn.

Informasjon Publisert 22.06.2010

Biblioteket: 14.06.10 - 14.08.10
Måndag, onsdag, fredag: kl. 12.00-18.00.
Tysdag, torsdag: kl. 09.00-15.00.
Laurdag: STENGT.

Frivilligsentralen: stengt veke 27 - 28 - 29.

Kvamstunet: stengt veke 28 - 29 - 30.

Kvam trivselsbad: stengt f.o.m. veke 25 t.o.m. veke 33.

Skåbu svømmehall: stengt heile sommaren. 

Fron badeland er ope heile sommaren, med unntak av veke 25 på grunn av vedlikehald.

  

Informasjon Publisert 01.06.2010

Lag, foreiningar og andre som ønskjer å leige Vinstrahallen, Kåja Kunstgrasbane, Kåja friidrettsanlegg, Kvam trivselsbad eller Kvam bygdahus (til trening eller anna) frå hausten 2010, må søkje om dette innan 15.06.2010.

Her finn du søknadsskjema for Vinstrahallen, Kåja Kunstgrasbane og friidrett, Kvam trivselsbad og Kvam bygdahus. Søknadsskjema kan ein og få ved å vende seg til Vinstrahallen
61 29 15 90 / 959 40 720.

Attgløymde klede, sko og anna må hentes innan 01.07.2010. Etter denne datoen blir alt fjerna.

Informasjon Publisert 31.05.2010

Søknad om tilskott til vedlikehald av private grendevegar må vera sendt til Nord-Fron kommune, Teknikk, næring og eigedom,  2640 Vinstra, innan 01.08.2010.

Søknadsskjema kan du få ved å vende deg til Informasjonstenesta på kommunehuset, 3. etg.
Tidlegare søkjarar får tilsendt skjema.

Informasjon Publisert 27.05.2010

Det er brot i meklinga i kommunesektoren, og det blir dermed streik blant kommunalt tilsette frå fredag 28. mai 2010.

Nord-Fron kommune har førebels ikkje arbeidstakarar som er teke ut i streik, og blir dermed ikkje direkte berørt av streiken i fyrste omgang.

 

Informasjon Publisert 25.05.2010
Skidag på Venabygdsfjellet 10.04.10

Fastbuande flyktningar i Nord-Fron er veldig interessert i å lære seg å stå på ski. Tilsaman 40 personar deltok i april på skidag på Venabygdsfjellet.

Tilbake
Kontaktinformasjon
Nord-Fron kommune
Nedregt. 50
2640  Vinstra
 
post@nord-fron.kommune.no
 
 
Telefon : 61 21 61 00
Faks : 61 21 61 01
Org.nr. : 839 893 132
Snarvegar
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter
Validator
Levert av ACOS AS
Nord-Fron kommune, Nedregt. 50, 2640 Vinstra E-post: post@nord-fron.kommune.no Tlf. 61 21 61 00 Faks 61 21 61 01