Nord-Fron kommune er no også å finne på Facebook. Intensjonen vår er å legge ut tidsaktuell informasjon på Facebook. Mesteparten av informasjonen vil vere identisk med det vi har på heimesida vår.
Facebook vil dermed vere ein ny informasjonsformidlingskanal, i tillegg til at den effektivt kan brukast til stunt for å skape merksemd rundt arrangement og hendingar framover.
Vi håpar og trur at mange - som ikkje til vanleg er på heimesida vår - vil finne informasjon frå oss her.