Stabskurset har hatt fokus på organisering kriseleiing og stabsarbeid.
Kommuneleiinga fekk i oppgåve å sørge for evakuering, innkvartering og forpleining av personar i ei tenkt togulykke mellom Kvam og Vinstra. Nært samarbeid med andre instansar vart i denne samanheng nødvendig. Mediatrening vart det og øvd på, då informasjon alltid er viktig under handtering av større kriser / ulykker.
Det er no eit krav at kommunane gjennomfører årlege beredskapsøvingar. Tidlegare år har kommunen blitt øvd /øvd nabokommunar i samarbeid med Fylkesmannen i Oppland.