Dei som ikkje har tilgang til PC, kan få søknadsskjema i papirversjon i kommunen sitt Servicetorg eller i ein barnehage.
Her er informasjon om alle barnehagane i Nord-Fron. Spørsmål om barnehagane ut over det som står på kommunen si heimesida, må rettast til leiar i den enkelte barnehage.
Alle må levere ny søknad for barnehageåret 2010/2011.
Eventuelle vedlegg til barnehagesøknaden må sendast pr. post.
Skriftleg svar på søknad om barnehageplass blir sendt ut frå kommunen medio mars.
Lovfesta rett til barnehageplass:
Det er vedtatt lovfesta rett til barnehageplass frå 1. januar 2009 (Lov om endringar i barnehagelova, vedtatt av Stortinget 12.06.2008).
Dette inneber at barn som fyller eitt år innan utgangen av august har rett til plass frå august det året det søkes om barnehageplass. Det er ein føresetnaden for rett til barnehageplass at det blir søkt innan fristen for hovudopptaket 1. mars (jfr. lov om barnehagar § 12a).