Planområdet er avgrensa slik:
Lågen - Vinstraelva (med veg/bru til Rustmoen) - Loholet - Fv 256 - Fv 255.
Planen er i store drag i samsvar med gjeldande reguleringsplan for Lomoen næringsområde av 20.04.2006. Det er likevel gjort ein del endringar som særleg gjeld kryss på E6 med Fv 256/255 og vegserviceanlegg ved dette krysset. Det er også gjort tilpassingar med omsyn til lokalvegar langs E6 mellom Lomoen og Rustmoen, gang- og sykkelveg langs Fv 256, industriareal i Loholet (Vinstra Mølle AS), mm. Krysset med E6 og plassering av vegserviceanlegget er i planforslaget vist med fire alternative løysingar.
Når denne planen blir vedteken av Nord-Fron kommunestyre, vil samtidig følgjande planar bli oppheva (jf. § 12-14 i plan- og bygningslova av 2008):
- Reguleringsplan for Lomoen industriområde av 10.10.1976
- Reguleringsplan for Lomoen industriområde sør av 17.06.2004
- Reguleringsplan for Lomoen næringsområde av 20.04.2006
- Reguleringsplan for Lomoen næringsområde, endring av gang-og sykkelveg av 07.05.2009
Planen er også lagt ut til ettersyn ved servicetorget i Nord-Fron kommunehus.
Spørsmål om planforslaget kan rettast til kommunen ved planleggjar Arne Skuterud (61 21 61 68).
Alle merknader må sendast til kommunen seinast innan fristen torsdag 22. april.