Vennskapskommunar - Nord-Fron kommune

Vennskapskommunar

Nord-Fron har vennskapskommunesamband med Hedemora i Sverige og Richmond i England.

Publisert av Anne Grete Bakkene. Sist endra 29.03.2011

Med kommunen i Sverige har vennskapskommunesambandet eksistert frå tidleg på 1960-talet og med den engelske frå og med 1988.
Hovudtanken med vennskapskommuneordninga er utvekslingsbesøk, kontakt og kulturelt samband over kommune-og landegrensene. 
Det blir arrangert vennskapskommunestemne med Hedemora kommune ca. annakvart år.

Utvekslingsbesøk av skoleklasser, skolekorps, idrettslag o.l. er svært ønskjeleg, og har vore gjort med stort hell.
Mykje av samarbeidet blir organisert gjennom Nord-Fron lag av Norden. Både laget og kommunen hjelper til med å formidle kontakt og skaffe informasjon i samband med besøk, reiser o.l.

I kommunen er kulturkontoret kontakten.

Nederst i artikkelen er det linkar til kommunane sine heimesider.

Hedemora kommune
Hedemora ligg i Dalarne i Sverige, ca. 40 km sør-aust for Falun. Hedemora har 16.249 (i år 2000) innbyggarar, med ca. 8.000 i sjølve byen. Hedemora er den eldste byen i Dalarne, med moderne idrettsanlegg og skolar, men og rike kulturminne og museumstilbod. Svært kjent er Vikmannshyttan med Carl Larssongarden.


Richmond by
Richmond er den siste tilveksten til vennskapskommunane til Nord-Fron, vennskapsstatusen vart formelt stadfesta i 1988, etter fleire års kontakt på ulike plan.
Richmond er ein by med ca. 9.000 innbyggarar, og ligg i Nord-England, ikkje langt frå Newcastle. Landskapet liknar mykje på Gudbrandsdalen, og hovudnæringa er jordbruk, særleg sauehald.
Richmond er ein svært gamal by (frå Romertida), og ein viktig marknadsplass.
Hovudgrunnen til at Richmond vart vennskapskommune med Nord-Fron er at svært mange av dei 54 engelske soldatane som fall i distriktet i 1940, og som vart gravlagde ved Kvam kyrkje, kom frå Richmond og distriktet omkring.

Nord-Fron kommune Nedregate 50 2640 Vinstra | post@nord-fron.kommune.no | Tlf 61 21 61 00 | Faks 61 21 61 01

Åpningstider: Alle kvardagar kl.08:00 - 15:30. Organisasjonsnummer: 83 98 93 132

Webredaktør: Anne Grete Bakkene |Følg oss på Twitter | Følg oss på Facebook

Nord-Fron kommune | Midt i Peer Gynts rike

 

padlock