Du er her:

Borgarleg vigsel

Vigsel Rune Støstad.jpg - Klikk for stort bilete Frå 1. januar 2018 har kommunane tatt over ansvaret for dei borgarlege vigslane i Noreg. Her finn du informasjon om korleis du går fram dersom du ønskjer borgarleg vigsel i Nord-Fron kommune. 

Før de giftar dykk, må Skatteetaten undersøkje om de oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap.  Det vil seie at de må sende inn ein del papir. Tida for behandling hos Skatteetaten er 2-3 veker, så ver ute i god tid før bryllaupet.

Sjå Skatteetaten: Vegen til ekteskapet - steg for steg.

Om alt er i orden skriv Skatteetaten ut ein såkalla prøvingsattest, som viser at de oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap. Du skal sende prøvingsattesten til oss. Prøvingsattesten er gyldig i fire månader.

Kor og når kan vi gifte oss?

I Nord-Fron kommune blir vigslar gjennomført på fredagar, utanom skolen sine feriar, mellom klokka 10.00 og 14.00 i kommunenestyresalen / møterom i 3. etasje / det livsnøytrale rommet på Sundheim

Dersom brudeparet ønskjer vigsling på andre stader eller til anna tid, så kan dette avtalast med vigslar. For vigsler som blir gjennomført på andre stader / anna tid  må ein betale eit gebyr. Gebyret er vedtatt av kommunestyret, og er på kroner 1000.

Kven står for vigselen?

I Nord-Fron kommune er det fyrst og fremst ordførar og varaordførar som vil stå for vigslane. I tillegg har kommunestyret gitt administrasjonssjef Arne Sandbu og kommunalsjef Anita W. Heggestuen fullmakt til vigsling.

Korleis bestiller vi tid for vigsel?

I brev / e-post må følgjande informasjon bli gitt:

  • Navn på brudepar.
  • Kontaktinformasjon.
  • Ønskja lokalisering / stad.
  • Ønsket dato og klokkeslett.
  • Andre ønskjer – ringer / kunstneriske innslag / fotografering
  • Eventuell anna informasjon brudeparet meiner er relevant

Attest på prøving frå Folkeregisteret må sendast til kommunen så snart de har fått den, og seinast 1 månad før dato. Avtale om vigsel blir ikkje rekna som endeleg før kommunen har mottatt attesten, saksbehandla den, og de har fått ein skriftleg bekreftelse frå oss om tid og stad.

Hva kostar ein borgarleg vigsel?

Gebyr for kommunal vigsel i Nord-Fron kommune; sjå nederst i artikkelen.

Korleis får eg kopi av ei gamal vigselsattest?

For vigsel gjennomført i perioden 2004-2017, ta kontakt med Skatteetaten.

For vigsel gjennomført av kommunen etter 1.1.2018, ta kontakt med Servicetorget i kommunen på e-post post@nord-fron.kommune.no

Kjønnsnøytral ekteskapslov

1. januar 2009 fekk Noreg kjønnsnøytral ekteskapslov. Dette inneber at personar av same kjønn kan inngå ekteskap. Tidlegare inngått partnerskap kan bli omgjort til ekteskap ved søknad til Skatteetaten.

Seremonirommet

I Nord-Fron kommune blir vigslar gjennomført i kommunestyresalen på kommunehuset dersom ikkje anna er avtalt.
Vigslar kan og gjennomførast i møterom i 3. etasje på kommunehuset og det livsnøytrale rommet på Sundheim.
Rommet vil vera einkelt pynta. Det er sitteplass til gjestar i tillegg til brudeparet. Utanfor seremonirommet er det venterom der brudeparet og deira følgje kan vente fram til seremonien.

Vigselrom kommunehuset originalbilde - Klikk for stort bilete

 

 

 

 

 

 

Frammøte

Paret med følgje må møte opp i god tid før avtalt tidspunkt for vigsel, seinast 15 minutter før vigselen skal finne stad. Brudeparet og vitna må syne fram  legitimasjon før seremonien startar.

Vitne

To vitne må vera til stades under seremonien. Dette kan vere forlovarane eller to andre myndige personar som paret har med seg.

Språk

Det kan på førehand avtalast at vigselen skal foregå på engelsk. Dersom paret ikkje  forstår norsk eller engelsk, må paret sjølv ta med seg en kvalifisert tolk.

Om seremonien

Seremonien tek ca 15 minutt. Under seremonien blir formular for borgerleg vigsel lest opp. Deretter blir paret spurt om dei vil ha kverandre til ektefeller. Så blir de erklært som ektepar. Til slutt underskriv paret, vitna og vigsleren vigselsprotokollen. Paret får etter dette ei førebels vigselsattest. Endeleg vigselsattest blir sendt etter frå folkeregisteret. Det blir opna for korte kulturelle/kunstneriske innslag. Dette må avtalast med vigsler på førehand.

Ringar

Det er høve til å sette på ringar under seremonien. Ver vennleg å si ifrå om dette til vigslaren før seremonien startar.

Kunstneriske innslag

Som ein del av seremonien, ynskjer enkelte å ha musikk eller diktlesing. Dersom kunstneriske innslag, må de gi beskjed om dette på førehand. Kunstneriske innslag skal ikkje vare lenger enn fem minutt.

Fotografering

Fotografering og filming kan skje under og etter seremonien i samråd med paret.

Gebyr for borgarleg vigsel:

Gebyr for borgarleg vigsel
Ulike tilbod Pris
Pkt 1 Minst ein av brudefolket er bosatt i kommunen og ønskjer å benytte seg av kommunen sitt ordinære tilbud og tid og stad Gratis
Pkt 2 Personar som ikkje er bosatt i Noreg, men som fyller vilkåra for å inngå ekteskap i Noreg, og ønskjer å benytte seg av kommunen sitt ordinære tilbud om tid og stad Gratis
Pkt 3 Brudefolk bosatt i andre kommunar og som ønskjer å benytte seg av kommunen sitt ordinære tilbud om tid og stad kr 500
Pkt 4 Brudefolk som ønskjer å bli vigsla på kommunehuset utanfor ordinær tid kr 500
Pkt 5 Brudefolk som ønskjer å bli vigsla på fredag/laurdag til andre tider og på andre stader enn det som er det ordinære tilbudet kr 1000

 

Kontaktinformasjon:
Nord-Fron kommune v. Servicetorget,

Telefon: 
61 21 61 00

Send-post:
post@nord-fron.kommune.no

Opningstider:
Måndag- fredag 08.00 – 15.30

Besøksadresse:
Nedregt. 50, 2640 Vinstra

Postadresse:
Nord-Fron kommune
Nedregt. 50
2640 Vinstra

Fann du det du leita etter?
Aktuelt frå kommunen

Nord-Fron kommune Nedregate 50 2640 Vinstra | post@nord-fron.kommune.no | Tlf 61 21 61 00 | Faks 61 21 61 01
 

Åpningstider: Kommunehuset - alle kvardagar kl.08:00-15:30 | Sentralbord/servicetorg - alle kvardagar kl.09:00-14:30 
                                           

Organisasjonsnummer: 83 98 93 132

Webredaktør: Anita W Heggestuen |Følg oss på Twitter | Følg oss på Facebook

Nord-Fron kommune | Midt i Peer Gynts rike