Du er her:

Detaljreguleringsplan for Furusjøen vassverk - offentleg ettersyn

.

Planutvalet i Nord-Fron har i møte 25.08.19, sak 043/19 vedteke å leggje forslag til detaljreguleringsplan for Furusjøen Vassverk ut til offenlig ettersyn. Frist for merknad er 8.08.2019.

Bakgrunnen for planforslaget er at det skal byggjast vassbehandlingsanlegg i samband med vatn- og avlaupsprosjektet som kommunen har på Kvamsfjellet. Plassering vart vedteke i 2018, gjennom kommuneplanens arealdel. Planforslaget viser også ei omsynssone med 100 m diameter ved inntaksleidningen i Furusjøen. I tillegg  blir båtplassen i Røssumbuvika vist i reguleringsplan, slik at den stemmer med dagens situasjon. 

2 alternativ

Når det gjeld høgdereglar for vassverket, er planforslaget lagt ut i 2 alternativ:

  • Alternativ 0: Maks. mønehøgde skal ikkje overstige7,8 meter frå gjennomsnittleg planert terreng.
  • Alternativ 2: Maks. mønehøgde skal ikkje overstige 7,0 meter frå gjennomsnittleg planert terreng.

Utfyllande informasjon om dei ulike høgdealternativa er lagt ut i notat utarbeida av Norconsult. (PDF, 2 MB)

 

Følgjande dokument er ellers lagt:

Av omsyn til fremdrift på utbygging av vassverket og VA-Furusjøen prosjektet for øvrig så vil saken  bli 2. gongsbehandla i planutvalsmøte som er planlagt 27.08.19. Det vil difor dessverre ikkje kunne bli gitt utsett frist i denne saka, sjølv om det er sommarferie.

Eventuelle merknader eller innspel merkast arkivsak ID 19/742 og sendast skriftleg til Nord-Fron kommune, Nedregate 50, 2640 Vinstra eller på post@nord-fron.kommune.no  innen 08.08.19.

Fann du det du leita etter?
Aktuelt frå kommunen

Nord-Fron kommune Nedregate 50 2640 Vinstra | post@nord-fron.kommune.no | Tlf 61 21 61 00 | Faks 61 21 61 01
 

Åpningstider: Kommunehuset - alle kvardagar kl.08:00-15:30 | Sentralbord/servicetorg - alle kvardagar kl.09:00-14:30 
                                           

Organisasjonsnummer: 83 98 93 132

Webredaktør: Anita W Heggestuen |Følg oss på Twitter | Følg oss på Facebook

Nord-Fron kommune | Midt i Peer Gynts rike