Du er her:

Detaljreguleringsplan for Kolodden - offentleg ettersyn

Planutvalet i Nord-Fron vedtok i møte 22.1.2019, PU-sak 2/19, å leggje forslag til detaljreguleringsplan for Kolodden ut til 1. gongs offentleg ettersyn.

Planområdet ligg innanfor reguleringsplan for Lomoen næringsområde som ble vedteke i 2014. I etterkant har det kome behov for å justere arealformålet for utbyggingsareala, slik at desse er i tråd med ønska bruk av området, bla. med tanke på strategiar lagt i prosjektet Vinstra 2046. I tillegg har det vist seg at den innregulerte sikringssone 1 rundt Vinstra vannverk er større enn kva behovet tilseier, slik at det er ønskeleg å justere denne i samsvar med det arealet som trengst å sikrast.

Følgjande plandokument er nå lagt ut til offentleg ettersyn i perioden 31.01.-14.3.2019.

For å sjå samanhengen med omkringliggjande areal kan du gå inn på kartløysinga Planinnsyn.

Evt. merknader til planforslaget sendast til post@nord-fron.kommune.no eller Nord-Fron kommune, Nedregata 50, 2640 Vinstra.

Merknader merkast med arkivsak 18/1450.

Fann du det du leita etter?
Aktuelt frå kommunen

Nord-Fron kommune Nedregate 50 2640 Vinstra | post@nord-fron.kommune.no | Tlf 61 21 61 00 | Faks 61 21 61 01
 

Åpningstider: Kommunehuset - alle kvardagar kl.08:00-15:30 | Sentralbord/servicetorg - alle kvardagar kl.09:00-14:30 
                                           

Organisasjonsnummer: 83 98 93 132

Webredaktør: Anita W Heggestuen |Følg oss på Twitter | Følg oss på Facebook

Nord-Fron kommune | Midt i Peer Gynts rike