Du er her:

Endring av føresegner for område regulert til fritidsbustader i Nord-Fron - 1. gongs offentleg ettersyn

Planutvalet i Nord-Fron kommune vedtok i møte 22.1.2019, PU-sak 3/19, å sende sak om endring av planføresegner i reguleringsplanar for hytteområde i Nord-Fron, ut til offentleg ettersyn. Oversikt over endringane og aktuelle planar går fram av saksframstillinga her. (PDF, 127 kB)

Frist for merknad er 14.03.2019.

Endringa blir gjort med bakgrunn i kommuneplanens arealdel, som vart vedteke 19.6.2018, da denne overstyrer gjeldande reguleringsplanar på fleire punkt. For å unngå å måtte sjekke fleire planar, blir nå alle gjeldande reguleringsplanar oppdatert, slik at det blir samsvar mellom nyleg vedteke arealdel av kommuneplan og den enkelte reguleringsplan.

I tillegg har planutvalet vedteke å leggje føresegner knytt til bruk av taktekking og fornybar energi ut til offentleg ettersyn, der det er forslag om  å opne opp for bruk av slik taktekking.

Det er også forslag om å auke grensa for  inngjerdet areal frå 300 m2 til 600 m2 for kvar enkelt hyttetomt.

Endringane går fram av saksframlegg frå PU-sak 3/19, som ligg her . (PDF, 127 kB)

Evt. merknader til planforslaget sendast skriftleg til post@nord-fron.kommune.no, eller Nord-Fron kommune, Nedregate 50, 2640 Vinstra.

Frist for merknad er 14.03.2019.

Merknader som kjem inn etter fristen, kan ikkje påreknast å bli tatt omsyn til i det vidare arbeidet. Merknader skal merkast med arkivsak 19/39.

Fann du det du leita etter?
Aktuelt frå kommunen

Nord-Fron kommune Nedregate 50 2640 Vinstra | post@nord-fron.kommune.no | Tlf 61 21 61 00 | Faks 61 21 61 01
 

Åpningstider: Kommunehuset - alle kvardagar kl.08:00-15:30 | Sentralbord/servicetorg - alle kvardagar kl.09:00-14:30 
                                           

Organisasjonsnummer: 83 98 93 132

Webredaktør: Anita W Heggestuen |Følg oss på Twitter | Følg oss på Facebook

Nord-Fron kommune | Midt i Peer Gynts rike