Du er her:

Felles barnevernvakt med Ringsaker kommune

Liten gutt som er lei seg - Klikk for stort bilete Nord-Fron kommunestyre vedtok på møte 19. juni - K.sak 62/18 - samarbeidsavtale om drift av interkommunal barnevernsvakt der Ringsaker kommune blir vertskommune.

Vedtaket om samarbeidsavtale - der 14 kommunar samarbeider om barnevernvakt - skal sikre barn og unge hjelp heile døgnet.

Barn og unge skal ha hjelp også om det skjer akutte ting om natta eller i helga.

Dette gjeld til dømes barn under akutt omsorgssvikt, ungdom i akutt rus eller kriminelle handlingar, krise i pågåande hjelpetiltak og liknande. Vidare skal barnevernvakta besvare den nasjonale hjelpetelefon for barn og unge.

Innbyggjarar i Nord-Fron kommune har så langt ikkje har hatt tilgang på barnevernvakt etter ordinær arbeidstid. Skjerpa krav frå statleg hald om beredskap heile døgnet er ein viktig grunn til at kommunane må ha på plass meir forsvarlege løysingar enn det dei har i dag.

Ringsaker kommunale barnevernvakt skal etter planen bestå av 8 Hedmarkskommunar og dei 6 Opplandskommunane Lillehammer, Gausdal, Øyer, Ringebu, Sør-Fron og Nord-Fron kommunar.

Vertskommunen Ringsaker skal ha ansvar for dagleg administrasjon og drift av barnevernsvakta, inkludert arbeidsgjevaransvar for tilsette. Vertskommunen  har ansvar for at tenestene held nødvendig fagleg standard.

Avtala vil gjelde frå 01.01.2019.

Fann du det du leita etter?
Aktuelt frå kommunen

Nord-Fron kommune Nedregate 50 2640 Vinstra | post@nord-fron.kommune.no | Tlf 61 21 61 00 | Faks 61 21 61 01
 

Åpningstider: Kommunehuset - alle kvardagar kl.08:00-15:30 | Sentralbord/servicetorg - alle kvardagar kl.09:00-14:30 
                                           

Organisasjonsnummer: 83 98 93 132

Webredaktør: Anita W Heggestuen |Følg oss på Twitter | Følg oss på Facebook

Nord-Fron kommune | Midt i Peer Gynts rike