Du er her:

Forslag til detaljreguleringsplan for Salmakerlykkja - offentleg ettersyn

Planutvalet i Nord-Fron har i møte den 22.01.2019, PU-sak 004/19, vedteke å leggje forslag til detaljreguleringsplan for Salmakerlykkja ut til offentleg ettersyn.  Frist for merknader er 14.03.2019.

Planområdet ligg vest for Kvam sentrum og grenser inntil Gudbrandsdalsvegen i sør, Bergum-feltet mot vest og Gunnersvingen mot aust. Ved varsel om planstart var planen nemnt som reguleringsplan for Gunnersvingen. Det er i etterkant vorte vurdert til at Salmakerlykkja er eit meir passande namn.

Planforslaget legg til rette for bustadbygging i form av einebustader, 2-mannsbustader og leilegheiter/rekkjehus. Vidare er det vist tilkomst til området, internvegar og gang- /sykkelveg. Det er avsett område for felles leikeplass og område for el-forsyning (trafo).

Forslag til gatenamn på veg SVK05 er Salmakerlykkja. Dette er nå også lagt ut til offentleg ettersyn, jf. stadnamnlova, saman med planforslaget.

Følgjande dokument er lagt ut til offentleg ettersyn:

Ved å klikke her, vil du også sjå plankartet i samanheng med omkringliggjande areal.

Evt. merknader til planforslaget sendast til post@nord-Fron.kommune.no eller Nord-Fron kommune, Nedregate 50, 2640 Vinstra.

Merknader skal merkast med arkivsakID 18/1450.

Frist for merknader er 14.03.2019.

Fann du det du leita etter?
Aktuelt frå kommunen

Nord-Fron kommune Nedregate 50 2640 Vinstra | post@nord-fron.kommune.no | Tlf 61 21 61 00 | Faks 61 21 61 01
 

Åpningstider: Kommunehuset - alle kvardagar kl.08:00-15:30 | Sentralbord/servicetorg - alle kvardagar kl.09:00-14:30 
                                           

Organisasjonsnummer: 83 98 93 132

Webredaktør: Anita W Heggestuen |Følg oss på Twitter | Følg oss på Facebook

Nord-Fron kommune | Midt i Peer Gynts rike