Du er her:

Klar for vigsler

Vigsel Rune Støstad.jpg - Klikk for stort bilete Frå 1. januar skal kommunane overta ansvaret for dei borgarlege vigslane og ordførar Rune Støstad er klar.

Ja, dette gledar eg meg til. Vi skal leggje det opp slik at det skal bli ei hyggeleg oppleving for alle, seier han.

Etter 1.januar overtek altså kommunane ansvar for vigslar frå tingretten, der vigslane før vart utført av sorenskrivaren eller ein annan med vigselsmyndigheit.

No skal Nord-Fron kommune sin ordførar Rune Støstad og varaordførar Anne Sletten overta ansvaret for gjennomføring av vigslane, som ikkje blir så ulikt det ein er kjent med frå tingretten.

-Det vil nok bli ganske likt, seier Støstad. Vi skal bruke det borgarlege vigselsformularet og leggje til rette for at ramma rundt vigselen og den seremonielle karakteren blir fin og minnerik for dei som vel å gifte seg borgarleg.

Han har allereie fått to forespørslar, begge to utanfor kommunehuset. – Ja. Vi har åpna opp for at det kan foregå utanom kommunehuset, men vi har fine og egna rom for vigslar her på kommunehuset og, blant anna kommunestyresalen, legg han til. Det vil også vere mogeleg å få vigsla seg i det trusnøytrale rommet på Sundheim.

I tillegg til ordførar og varaordførar vil administrasjonssjef Arne Sandbu og kommunalsjef Anita W.Heggestuen få vigselsmyndigheit.

Fann du det du leita etter?
Aktuelt frå kommunen

Nord-Fron kommune Nedregate 50 2640 Vinstra | post@nord-fron.kommune.no | Tlf 61 21 61 00 | Faks 61 21 61 01

Åpningstider: Alle kvardagar kl.08:00 - 15:30. Organisasjonsnummer: 83 98 93 132

Webredaktør: Anita W Heggestuen |Følg oss på Twitter | Følg oss på Facebook

Nord-Fron kommune | Midt i Peer Gynts rike