Du er her:

Markering av frigjeringsdagen

DSC_0050 - Klikk for stort bilete

Både i Kvam og på Vinstra vart frigjeringsdagen markert med blomsternedleggelse og tale av ordfører Rune Støstad. I tala la han vekt på kor viktig dagen er og at den alltid vil vere eit minne om at vi aldri må gløyme.

-8. Mai er dagen vi aldri må gløyme. Denne dagen blir vi minna på kor viktig demokrati, ytringsfriheit, fred og friheit er, sa Støstad i talen til dei mange oppmøtte.

Mellom 50-70 millionar menneske falt under andre verdskrigen, og av dei var det 51 gudbrandsdølar. Kvam var den staden i Noreg som hadde dei hardaste kampane under krigen, og fleire falt her, fortalte  Støstad før han saman med elevar frå Kvam skole la ned blomster på minnesten på Kvam kyrkjegård. 

Etterpå la Forsvaret ved Per Gunnar Hagelien og elevar ved Kvam skole ned blomster på minnesteinen til Asbjørn Solberg og ved bautaen i fredsparken der alle dei 51 falne soldatane er minna. Dei sivile som falt i krigen vart og heidra, og ordfører Rune Støstad ,saman med elevar frå Kvam, la ned blomster til minne om dei. 

Kvam skulemusikk spelte "Ja, vi elsker" etterpå både på kyrkjegarden og ved bautaen i fredsparken.

Ved Sødorp Kyrkje var det òg minnemarkering med pårørende og familier til stades, saman med elevar frå Barhaug skole.

Her var det ei minnemarkering ved grava til Ole Heimstad, som falt i krigen da han kom inn i ei trefning mellom soldatar i Gausdal. Ordfører Rune Støstad og elever frå Barhaug skole la ned blomster på grava.

Under markeringa spilte Pål Martin Martin Enstad Hansen " Vidda " av Ole Edvard Antonsen.

Det vart òg sagt nokre ord om motstandsmannen Tor Sætersmoen, som var viktig for motstandsbeveglsen her i området.

Fann du det du leita etter?
Aktuelt frå kommunen

Nord-Fron kommune Nedregate 50 2640 Vinstra | post@nord-fron.kommune.no | Tlf 61 21 61 00 | Faks 61 21 61 01

Åpningstider: Alle kvardagar kl.08:00 - 15:30. Organisasjonsnummer: 83 98 93 132

Webredaktør: Anita W Heggestuen |Følg oss på Twitter | Følg oss på Facebook

Nord-Fron kommune | Midt i Peer Gynts rike