Du er her:

Reguleringsplan for Letrudgrenda: Offentleg ettersyn og høyring

Letrud i Kvam - steinsprang Foto Fredrik Weikle - Klikk for stort bilete Planutvalget har i møte 26.06.18, i sak 039/18 vedteke å leggje forslag til «Detaljreguleringsplan for Letrudgrenda» ut til offentleg ettersyn og høyring. Det er kommunen som har utarbeidd planforslaget som skal leggje til rette for gjennomføring av skredsikringstiltak i planområdet.

Planområdet er faresonekartlagd med omsyn til ras og skred i 2016. Det er i 2017 gjort ei prosjektering av skredvollar rapporten føreset at blir bygd. Forutan den bustadbygnaden som skal sikrast, og areal for bygging av skredvoller med tilhøyrande riggområde, omfattar planområdet lia oppfor opp mot fjellet og området ned til Gardvegen – fylkesveg 420. I alt omfattar planområdet om lag 258 dekar.

 

Planforslaget omfattar følgjande dokument:

 

Spørsmål om planarbeidet kan rettes til saksbehandlar på e-post: oyvind.pedersen@nord-fron.kommune.no

eller på telefon 61 21 61 72.

 

Eventuelle merknadar til planforslaget skal bli påført arkivsak ID 18/680 og sendast Nord-Fron kommune, Nedregate 50, 2640 Vinstra - eller på e-post:

post@nord-fron.kommune.no

 

Frist for merknader er 31.08.2018.

Fann du det du leita etter?
Aktuelt frå kommunen

Nord-Fron kommune Nedregate 50 2640 Vinstra | post@nord-fron.kommune.no | Tlf 61 21 61 00 | Faks 61 21 61 01

Åpningstider: Alle kvardagar kl.08:00 - 15:30. Organisasjonsnummer: 83 98 93 132

Webredaktør: Anita W Heggestuen |Følg oss på Twitter | Følg oss på Facebook

Nord-Fron kommune | Midt i Peer Gynts rike