Du er her:

Rekrutteringsstillingar for sjukepleiarar

72 beboere fra Sundheim og 32 personer fra omsorgsboligene var inviterte til grilling - Klikk for stort bilete Nord-Fron kommune har som ei ny ordning tilsett 2 sjukepleiarstudentar under utdanning; rekrutteringsstillingar på Sundheim Bo- og Treningssenter.

Avisa GD har 18. juli d.å. ein artikkel om ordninga.

Den tredje rekrutteringsstillinga er ledig med søknadsfrist 4. august.

Sjukepleiestudentane  har fast tilsetting i studietida med arbeid kvar tredje helg. Vilkåra elles er å arbeide i 6 veker om sommaren i 75 - 80 prosent eller 5 veker i 100 prosent. Permisjon med 50 prosent lønn på arbeidsdagar i praksisperioder. I tillegg er det stipend på kr. 10.000 for 1.årsstudentar og kr. 15.000 for 2. og 3. årsstudentar og bonus på kr. 10.000 ved fullført utdanning. Vidare lønn som fagarbeidar ved fullført  120 studentpoeng.

Etter fullført utdanning får studentane tilbod om minimum 70 prosent fast stilling i Nord-Fron kommune, med bindingstid seks månader.

Fann du det du leita etter?
Aktuelt frå kommunen

Nord-Fron kommune Nedregate 50 2640 Vinstra | post@nord-fron.kommune.no | Tlf 61 21 61 00 | Faks 61 21 61 01
 

Åpningstider: Kommunehuset - alle kvardagar kl.08:00-15:30 | Sentralbord/servicetorg - alle kvardagar kl.09:00-14:30 
                                           

Organisasjonsnummer: 83 98 93 132

Webredaktør: Anita W Heggestuen |Følg oss på Twitter | Følg oss på Facebook

Nord-Fron kommune | Midt i Peer Gynts rike