Du er her:

Sorperoa turområde

Liadalen - Klikk for stort bilete I Sorperoa finnes det mange turmoglegheiter og fine stiar. Her kan ein oppleva fin og variert natur på godt oppmerka løyper.

Ein gjeng friluftsentusiastar har med god hjelp frå  lokalt næringsliv, positive grunneigarar og privatpersonar rydda og merka og sett opp 11 infotavler med lokalhistorie  og 10 bokkassar på attraktive turmål i nærmiljøet.

Nytt  revidert kart, Turkartet Sorperoa  (JPG, 15 MB)som viser veger og stier over et området på 75 km2 vart  ferdig 4. februar 2018 og gitt ut i regi av Sorperoa Friluftsgruppe. Heile turområdet strekjer seg frå Vardfjellet og Glupfjellet i vest, Liadalen i sør og til Laugen i nord og aust. Det er eit tett nett av gangbare gamle seteråk og tømmerveger. Det er mange alternativ til rundturer og mange historiske steder om bruk og busetjing gjennom dei siste hundreåra. Eitt av turmåla nr 16, Geilen (JPG, 115 kB), har Sorperoa Friluftsgruppe i samarbeid med Ornitologisk Forening og Barhaug Skole set opp 17 tavlar med oppslag om ulike fugleartar i området. Naturstien har og ei mangfoldig historie og er no heilt ferdig slik at det skal vere lettare å gå.

Sti nr 6,7 og 8 i Teigkampen (JPG, 80 kB) er i samarbeid med med Kvam I.L no rydda og merka i blå farge. 

Sorperoa Friluftsgruppe har beskrive tilsaman 23 turmål i området. På linkane nedanfor finn du omtale av alle desse:

 

 
 
Bilder (PDF, 2 MB)  av dei forskjellige turområda.
 
 
 
Turkarta kan ein òg få kjøpt for 50 kr.hos Sport1 i Handelsparken og hos Peer Gynt Spiseri.
 
Fann du det du leita etter?
Aktuelt frå kommunen

Nord-Fron kommune Nedregate 50 2640 Vinstra | post@nord-fron.kommune.no | Tlf 61 21 61 00 | Faks 61 21 61 01

Åpningstider: Alle kvardagar kl.08:00 - 15:30. Organisasjonsnummer: 83 98 93 132

Webredaktør: Anita W Heggestuen |Følg oss på Twitter | Følg oss på Facebook

Nord-Fron kommune | Midt i Peer Gynts rike