Du er her:

Sumarprogram på Øykjelykkjesetra

Klikk for stort bilete Også i sumar blir det fleire spanande arrangement på Øykjelykkjesetra.

Programmet for sumaren er:

Fredag 12. Juli:

Skaldekamp og bluegrasskonsert - poesislam fyrst og garantert god stemning med blugraskonsert etterpå med musikarane Mikael Jonassen, Magnus Wiik og Pål Svindland.

250 kroner - Konsertstart: 20:00

 

Sundag 14. Juli: 

Det unge folkemusikkbandet Mogonrode gjestar setra. Repertoaret spenner seg frå springarar og gangarar til salmer, viser og bånsuller. "...noe av det mest spennende og medrivende norske musikken man kan høre for tiden...Må høres" i følge Dagens Næringsliv.

250 kroner - Konsertstart: 19:30

 

Laurdag 10. August: 

Årets Råtass: Ståle Storløkken. Dei foregåande åra har Rolf-Erik Nystrøm og Nils Økland vore Råtassar på setra, i år er det Ståle Storløkken frå Dombås sin tur. Storløkken er ein norsk pianist og keyboardist, fast medlem blant anna i Veslefrekk, Supersilent og Elephant 9, og har ei rekkje prisbelønte plateutgjevingar bak seg. Alt han tek i har blitt til gull og det blir difor ei stor overrasking kva han tek med seg til setra i sumar.

250 kroner - Konsertstart: 19:30

 

Fredag 16. August: 

Bansal Band spelar nykomponert musikk av fiolinisten Hapreet Bansal, basert på den nord-indiske ragatradisjonen. I Bansal Band har hun samlet eit knippe musikerere som delar hennes ynskje om å utforske og tøye musikalske grensar, men framleis fundert på djup respekt for tradisjonane.

250 kroner - Konsertstart: 19:30

 

Laurdag 24. August: 

The Fjords solo. Stemningsfull popmusikk med eit dryss av soul og moderne elektronisk uttrykk. På setra kjem Petter Vågan åleine, dette verte magisk.

250 kroner - Konsertstart: 19:30

Ta gjerne med telt viss du vil overnatte. Setra har skjenkebevillning og kjøttkaku på gaffel. Billettar kan bestillast på simen.skoe@gmail.com, eller kjøpast i døra viss det ikkje er utseld. Setra har ikkje straum og mobildekning, så vi tek kun kontantar.

 

Velkomé te seters.

 

Fann du det du leita etter?
Aktuelt frå kommunen

Nord-Fron kommune Nedregate 50 2640 Vinstra | post@nord-fron.kommune.no | Tlf 61 21 61 00 | Faks 61 21 61 01
 

Åpningstider: Kommunehuset - alle kvardagar kl.08:00-15:30 | Sentralbord/servicetorg - alle kvardagar kl.09:00-14:30 
                                           

Organisasjonsnummer: 83 98 93 132

Webredaktør: Anita W Heggestuen |Følg oss på Twitter | Følg oss på Facebook

Nord-Fron kommune | Midt i Peer Gynts rike