Du er her:

Varsel om oppstart av arbeid med detaljreguleringsplan for delar av Givra, Vinstra vest

Nord-Fron kommune varslar med dette om oppstart av arbeid med detaljreguleringsplan for delar av Givra. Formålet med planarbeidet er å leggje til rette for flaumsikring i Givra, samt leggje til rette for framtidig vedlikehald av sikringstiltaka.

Frist for merknad: 16.05.2019.

Planområdet er delt inn i 2 delområde. Avgrensinga går fram av utsnitt av kommuneplan. (PDF, 3 MB)

1: Område A:  Nedstrøms ny E6 fram til Skåbuvegn.

2: Område B:  Oppstrøms Sundheimsvegen og ned til utløpet i Laugen.

Den delen av Givra som renn gjennom området ved Vinstrahallen og Vinstra vidaregåande skule må sjåast i samanheng med den vidare utviklinga av dette området, og blir ein del av ein eigen reguleringsplan for området ved Vinstrahallen, Vinstragata med meir.

Kommunen har vurdert at det ikkje er behov for konsekvensutgreiing, men utgreiingsrapport og flaumberekningar frå Norconsult vil bli lagt til grunn i planarbeidet. I grove trekk vil elveløpet liggje slik som i dag. Det er likevel behov for å utvide elveløpet og gjere tiltak ved «flaskehalser» i dagens  i bekkeløp.  Det vil derfor vere aktuelt å regulere inn midlertidig anleggsområde. Vidare må planen leggje til rette for å kome til for framtidig vedlikehald av flaumtiltaka.

Evt. merknader til varsel om planstart sendast på e-post til post@nord-fron.kommune.no eller per post til Nord-Fron kommune, Nedregate 50, 2640 Vinstra og merkast med arkivsakID 19/698.Frist for merknader er 16.05.2019. 

Fann du det du leita etter?
Aktuelt frå kommunen

Nord-Fron kommune Nedregate 50 2640 Vinstra | post@nord-fron.kommune.no | Tlf 61 21 61 00 | Faks 61 21 61 01
 

Åpningstider: Kommunehuset - alle kvardagar kl.08:00-15:30 | Sentralbord/servicetorg - alle kvardagar kl.09:00-14:30 
                                           

Organisasjonsnummer: 83 98 93 132

Webredaktør: Anita W Heggestuen |Følg oss på Twitter | Følg oss på Facebook

Nord-Fron kommune | Midt i Peer Gynts rike