Du er her:

Varsel om oppstart av reguleringsarbeid - detaljreguleringsplan for Kakubakken boligområde

Norgeshus AS har på vegne av Norgeshus RAM Bygg AS starta reguleringsplanarbeid for gnr. 286 bnr. 412 i  Vinstra i Nord-Fron kommune.

Planarbeidet skal leggje til rette for leilegheiter, kjeda einebustader og rekkjehus. Reguleringsformål vil vere bustad, leikeplass, veg- og gangareal, samt renovasjon.

Planområdet er ca. 10 daa og ligg sør for Sødorp gjestgivergård. Gjeldande plan for området er kommuneplan 2018-2029, vedteke 20.06.2018, der areala er avsett til bustadformål (BB01). Område med eksisterande regulering som blir omfatta av ny plan, blir oppheva ved endeleg vedtak. Dette gjeld delar av reguleringsplan for Vinstra sentrum sør, endring ved Sødorp gjestgiveri og reguleringsplan for Kakubakken rekkehus.

Brev med varsel om oppstart av planarbeid er sendt ut til berørte partar og myndigheiter.

Kopi av varslingsbrev og kart med planavgrensing ligg her. (PDF, 812 kB)

Skriftlege kommentarar/merknader til igangsett planarbeid merkast «18-0761 Detaljregulering Kakubakken boligområde» og sendast til: NORGESHUS AS v/ Vidar Julian Grovassbakk, Pb. 161, 7223 MELHUS, eller e-post: vidar@norgeshus.no.

Frist for merknad: 12.04.2019

Fann du det du leita etter?
Aktuelt frå kommunen

Nord-Fron kommune Nedregate 50 2640 Vinstra | post@nord-fron.kommune.no | Tlf 61 21 61 00 | Faks 61 21 61 01
 

Åpningstider: Kommunehuset - alle kvardagar kl.08:00-15:30 | Sentralbord/servicetorg - alle kvardagar kl.09:00-14:30 
                                           

Organisasjonsnummer: 83 98 93 132

Webredaktør: Anita W Heggestuen |Følg oss på Twitter | Følg oss på Facebook

Nord-Fron kommune | Midt i Peer Gynts rike