Du er her:

Varsel om planstart - Detaljreguleringsplan for Letrudgrenda

Nord-Fron kommune startar no opp arbeidet med detaljreguleringsplan for Letrudgrenda på Kvam. Detaljreguleringa skal legge til rette for gjennomføring av skredsikringstiltak i planområdet, ma. bygging av skredvoller/ledevoller.


Planområdet er faresonekartlagt med omsyn til ras og skred i 2016. Det er i 2018  gjort ei prosjektering av dei skredvoller/ledevoller som skal byggast. Forutan den bustadbygnaden som skal sikrast og areal for bygging av skredvoller med tilhøyrande riggområde, omfattar planområdet lia oppfor bebyggelsen og området ned til Gardvegen – fylkesveg 420. Det er aktuelt å vedta planbestemmelser som regulerer hogst i området oppfor bustadbygnaden (utløysingsområde for skred). I alt omfattar planområdet om lag 258 dekar.

Planavgrensing og informasjon om planarbeidet finn du i dokumenta : 

 

 

Merknadar og innspel til planarbeidet merkast med arkivsak 18/680 og sendast til Nord-Fron kommune, Nedregate 50, 2640 Vinstra eller på e-post: post@nord-fron.kommune.no innan 6. juni 2018.

Fann du det du leita etter?
Aktuelt frå kommunen

Nord-Fron kommune Nedregate 50 2640 Vinstra | post@nord-fron.kommune.no | Tlf 61 21 61 00 | Faks 61 21 61 01

Åpningstider: Alle kvardagar kl.08:00 - 15:30. Organisasjonsnummer: 83 98 93 132

Webredaktør: Anita W Heggestuen |Følg oss på Twitter | Følg oss på Facebook

Nord-Fron kommune | Midt i Peer Gynts rike