Du er her:

Vassmålaravlesing - fristar og avrekning forbruk

Vassmålaravlesning via SMS - Klikk for stort bilete Det er mulig for abonnentar på kommunal vassforsyning og/eller kommunalt avløp med vassmålar å lese av vassmålaren sin via SMS, på nett eller med avlesningskort.

Nord-Fron kommune ønskjer å få mest mulig registrert via SMS og oppfordrar difor alle til å svare via SMS. Når du les av målarstanden, ikkje ta med raude tal eller tal bak komma. Etter innsendt målarstand via SMS vil du få en bekreftelse tilbake. Dei som ikkje svarar via SMS vil få avlesningskort i posten.

Frist for avlesing via SMS er 9. november 2018.

Avlesningskort (papir) blir på vanlig måte sendt til deg som ikkje er oppført med mobilnummer eller eventuelt ikkje svarar på SMS. Dette blir sendt ut i løpet av veke 47.

Når du mottek avlesningskort kan du returnere svarslippen pr. post eller registrere avlesinga di på nett www.leseav.no . Registrer du på www.leseav.no MÅ du angi ei 6 tegns registreringskode som du ser på kortet.
Frist for avlesning nett og innsending på papirslipp er 2. desember 2018.

Får du ikkje lest av målarstanden innan fristane (f.eks på hytta di) så les du av vassmålaren når du har anledning og leverer avlesninga på svarslipp til kommunen. Da blir evt. feilmargin regulert på neste termin.

Fann du det du leita etter?
Aktuelt frå kommunen

Nord-Fron kommune Nedregate 50 2640 Vinstra | post@nord-fron.kommune.no | Tlf 61 21 61 00 | Faks 61 21 61 01
 

Åpningstider: Kommunehuset - alle kvardagar kl.08:00-15:30 | Sentralbord/servicetorg - alle kvardagar kl.09:00-14:30 
                                           

Organisasjonsnummer: 83 98 93 132

Webredaktør: Anita W Heggestuen |Følg oss på Twitter | Følg oss på Facebook

Nord-Fron kommune | Midt i Peer Gynts rike