Du er her:

Ytterlegare vern av skog

Området er naturreservat ( Solbrålia og Stordalsberget naturreservat) (Fylkesmannen i Oppland) - Klikk for stort bilete Geir Høitomt, Fylkesmannen i Oppland I Oppland er det oppretta sju nye og utvida tre tidlegare naturreservat som ein del av ordninga med frivillig vern av skog. Områda ligg i 10 kommunar og utgjer totalt ca. 10 000 dekar nytt verneareal. Alle områda er verna som naturreservat med heimel i naturmangfaldloven. Dette betyr eit vern med forbud mot hogst, fysiske inngrep og motorferdsel.

Av desse finn vi Solbrålia og Stordalsberget naturreservat, Sør-Fron og Nord-Fron kommunar - utvida med 425 dekar.

Solbrålia og Stordalsberget representerer på ein god måte skogane i dei varmaste solvendte liene i Gudbrandsdalen med velutvikla granskog på kalkgrunn og kalkrike berg og rasmarker med tilhøyrande artsmangfald. Her er  meir informasjon frå Fylkesmannen i Oppland om dette og dei andre naturreservata i Oppland.

Fann du det du leita etter?
Aktuelt frå kommunen

Nord-Fron kommune Nedregate 50 2640 Vinstra | post@nord-fron.kommune.no | Tlf 61 21 61 00 | Faks 61 21 61 01

Åpningstider: Alle kvardagar kl.08:00 - 15:30. Organisasjonsnummer: 83 98 93 132

Webredaktør: Anita W Heggestuen |Følg oss på Twitter | Følg oss på Facebook

Nord-Fron kommune | Midt i Peer Gynts rike