I desse koronatider - der mykje er stengt - er det viktig å minne seg sjølv på at naturen og uterommet framleis er oppe.
Forskning viser at berre 10 minutt ute i friluft senkar stressnivået, og gjer at vi føler oss betre. Det å kome seg ut i frisk luft er viktig både for den psykiske og fysiske helsa. Difor lanserer Norsk Friluftsliv nå kampanjen #1omdagen
Kva er #1omdagen?
#1omdagen er ei oppfordring om å kome seg ut døra minst ein gong om dagen. Målet er at det skal vere så låg terskel at alle kan gjere det på sin måte. Døme på #1omdagen kan vere:
- Set deg på ein stubbe og nyt dagslyset
- Luft nokon sin hund
- Ta lunsjen eller middagen ute i dag
- Utforsk ein ny veg i nabolaget
- Gå ut og tenn eit bål med nokon du er glad i
- Gå ein kveldstur med hodelykt
- Er det snø – finn fram akebrettet og leik deg i nærmaste bakke
- Nyt morgonkaffen i husveggen eller på ein benk
- Gå på fuglesafari i nærmiljøet
- Gå ut og øv deg på kart og kompass
Har du Instagram så kan du tagge bilda dine med emneknaggen #1omdagen så blir det publisert på Instagram og denne kontoen.
Tagg gjerne bilda med @nordfronkommune også; då vi no har oppretta eigen Instagramkonto!
AnsvarlegErik Tøftestuen
Publisert11.12.2020 12.00
Sist endra08.01.2021 12.37