Arrangementet Framtidsståk

Torsdag 20. juni kl. 14-18.30 arrangerer Midt-Gudbrandsdal Interkommunale politiske nettverkssamlinga Framtidsståk på Høyloftet på Gålå. 

Plakat med bilder av personar og namn - Klikk for stort bilete

Korleis ønskjer du at arbeidskvardagen din ser ut fram i tid? 
Kva må til for at du kjem til Gudbrandsdalen for å finne deg jobb? 
Korleis ser næringslivet og offentleg sektor på morgondagens behov for arbeidskraft? 
Er du student, nettopp fått deg jobb eller berre nysgjerrig på framtidige jobbmoglegheiter? 

Vi inviterer til ei nettverkssamling mellom næringslivsaktørar og framtidas arbeidskraft. For at Gudbrandsdalen skal vere ein attraktiv arbeidsplass fram i tid, ønskjer vi å skape ein arena for og bygge nettverk og bli kjent med dei moglegheitene som dalen byr på. Gjennom presentasjonar, diskusjonar og workshop håpar vi å kunne bidra til at næringslivet blir betre kjent med framtidige jobbsøkjarar og kva kompetanse som blir viktig i dalen fram i tid. 
Samlinga er ei oppvarming til Rondaståk og alle deltakarar får gratisbillett til opningskvelden. 
Annis Pølsemakeri lagar pølsefest og det blir sal av øl og vin. 

Arrangementet er gratis.