Nord-Fron kommune

Koronavirus i Nord-Fron

Årsrapport og årsregnskap for 2019

Årsrapport og årsregnskap for 2019

Klikk for stort bilete Anne Grete Bakkene Nord-Fron kommunestyre vedtok i møte 5. mai d.å. årsberetning for 2019 og tok resten av årsrapporten for 2019 til orientering. I same møte godkjente kommunestyret årsregnskapet.

Årsberetninga skal gje opplysningar om forhold som er viktige for å vurdere kommunen sin økonomiske stilling, samt opplysningar om resultat av verksemda som ikkje kjem fram av årsrekneskapet.

Faktorar som verkar inn på neste års økonomiplan er og omtala i årsrapporten. Vidare finn du informasjon om viktige saker og hendingar, mål og måloppnåing, økonomisk resultat, sjukefråvær og statistikk for dei ulike tenesteområda. 

Sitat frå konklusjon i kommunedirektøren si vurdering av 2019: 

Nord-Fron har i 2019 levert eit svakt årsresultat. Vi kan ikkje halde fram på same vis i 2020 og åra framover. Dersom vi ikkje klarer å betre budsjettkontrollen vil kommunen etter kvart få kraftig redusert handlefridom. Det blir utført mykje godt arbeid på ulike arbeidsplassar, men som nemnt utan at det i tilstrekkeleg grad har vore fokus på å halde gitte budsjettrammer.

Sjølv med auka fokus i 2019 på omstilling / endringsarbeid er målet framover at vi framleis skal levere tenester som innbyggarar, brukarar og folkevalte skal vere fornøgde med. Det blir krevjande når kvalitet ikkje lengre kan målast opp i mot kor store økonomiske ressursar kommunen kan nytte på ulike tenester.

Her kan du lese

Årsregnskap for Nord-Fron kommune 2019 (PDF, 889 kB)