Nord-Fron kommune

Auka turisttrafikk

Auka turisttrafikk

Klikk for stort bileteFrå 15. juni vart Noreg opna opp for  reisande frå spesifikke land og området i Norden, jamfør Covid-forskriften § 5a.

Desse landa og områdane omfattar Danmark, Finland, Island, Færøyane, Grønland, Åland og Gotland i Sverige. Personer som er busett i desse områda eller landa, er friteke frå karanteneplikta. 

Turister som er busett i andre områder i Sverige eller andre land skal i 10 dagars karantene. 

Beslutninga om å opne opp for reisande til norge kan innebære eit auka smittepress, spesielt i såkalla "turistkommuner". 

Nord-Fron kommune har mange tilreisande i løpet av sommarmånadene, og sjølv om det i år er fleire store sommararrangement som ikkje blir gjennomført på ordinær måte, vil det framleis vera mange tilreisande i området.

Kommunen og kriseleiinga er difor oppmoda frå Helsedirektoratet om å ha gode planer og kapasitet for testing, smitteoppsporing, karantene og isolasjon ved ein eventuell smittetopp i sommarmånadene.