Nord-Fron kommune

Bestilling av vaksinetid for dei som tidlegare har takka nei

Bestilling av vaksinetid for dei som tidlegare har takka nei

Takka du nei til vaksine, men har ombestemt deg? Ta kontakt for å få vaksinetid. 

I januar/februar vart det sendt ut SMS frå kommunen til alle innbyggjarar over 18 år, med forespørsel om å bli satt opp på tid for covid-19 vaksinering. Av alle som takka ja har no nesten alle fått 1. dose/innkalling til 1. dose. Det gjenstår framleis omlag 200 personar som vil få innkalling til time ila. neste veke. 

I den siste tida har fleire av dei som takka nei, eller ikkje svarte på forespørselen, tatt kontakt med kommunen, med ønskje om å allikevel få vaksine. 

For å bli satt opp på vaksinetid, ta kontakt med vaksinetelefonen (969 14 485) mellom kl 12.00 og 14.00 på kvardagar.