Nord-Fron kommune

Detaljreguleringsplan for Eidesand bustadområde - kunngjering av planvedtak

Detaljreguleringsplan for Eidesand bustadområde - kunngjering av planvedtak

Kommunestyret i Nord-Fron vedtok i møte den 23.02.2023, KOM-sak 002/21, detaljreguleringsplan for Eidesand bustadområde slik planen var lagt til 2. offentleg ettersyn i alternativ 2, med nokre endringar. 

Samtidig vart den delen av detaljreguleringsplan for Eidesand nærmiljøanlegg som er omfatta av den nye planen oppheva, jf. pbl §12-14.

Det er Tinde utvikling AS som er forslagsstillar og utbyggjar.

I hovudsak legg den vedtekne planen nå til rette for 13 nye bustadtomter, leikeplassareal sentralt i planområdet, samt vegareal. Arealet vist som tomt 1-3  i plankartet ved fyrste offentlege ettersyn er nå regulert med friluftsformål. Kollektivhaldeplass er planlagt søraust for bustadområdet, langs Baksidevegen. Dette tilsvarar plasseringa som gjekk fram av alternativ 3 ved. 2. offentlege ettersyn. Det er vist gang-/sykkelveg frå bustadområdet til kollektivhaldeplassen.

Dei vedtekne plandokumenta og andre dokument er lagt ut nedanfor:


Vi gjer merksam på at det er høve til å klage på vedtaket, jf. forvaltningslova §§ 28-32. Klagefristen er 3 veker frå vedtaket er kome fram til deg, eller frå du burde ha skaffa deg kjennskap til vedtaket. Klaga skal vere skriftleg og setjast fram for det organ som har fatta vedtaket og vere underteikna av deg eller fullmektig.

Kontakt

Hanne Kristine Risdal
E-post
Telefon 61 21 61 72