Nord-Fron kommune

Detaljreguleringsplan for Eidesand bustdområde - offentleg ettersyn

Detaljreguleringsplan for Eidesand bustdområde - offentleg ettersyn

Utval for miljø, landbruk og areal har i møte den 12.11.2019, sak 13/19, vedteke å leggje detaljreguleringsplan for Eidesand bustadområde ut til offentleg ettersyn, jf. plan- og bygningslova §12-10.

Frist for merknader er 16.01.2020.

Planområdet ligg nordaust for fylkesveg 2598 (Baksidevegen) og grenser inntil reguleringsplan for Vinstra vest, endring av 1982 mot sørvest. I sør omfattar planforslaget ein liten del av detaljreguleringsplan for Eidesand nærmiljøanlegg.

Planforslaget viser 17 ny tomter med moglegheit for å byggje einebustader eller tomannsbustader. Tilkomst frå Baksidevegen eksisterande avkøyring og tilkomstveg til Eidesand nærmiljøanlegg. Det er vist leikeplass (BLK1) inntil område med friluftsformål LF1. Planen legg til rette for busstopp, samt turvegar som er knytt saman med tilkomst til friluftsområdet ved Eidesand.

Det er vist ein ny veg, der forslag til vegnamn er Eidetrakket.

Byggjegrenser, støysoner og faresoner for flaum går fram av plankartet.

Følgjande plandokument er lagt ut til offentleg ettersyn:

Kontakt

Hanne Kristine Risdal
E-post
Telefon 61 21 61 72