Nord-Fron kommune

Detaljreguleringsplan for Midtstulen hytteområde - varsel om planstart

Detaljreguleringsplan for Midtstulen hytteområde - varsel om planstart

Det er varsla om oppstart av arbeid med detaljreguleringsplan for Midtstulen hytteområde på Sødorpfjellet. Området er vist som BF24 i kommuneplanens arealdel 2018-2029. Det er Sødorp sameige som er grunneigar og forslagsstillar. Planen vil  bli utarbeida og fremja som privat reguleringsplan.

Frist for merknader er 8.03.2020.

Formålet med planarbeidet er å leggje til rette for inntil 23 tomter for fritidsbustader med tilhøyrande infrastruktur. Planområdet er utvida noko mot vest i forhald til avgrensinga i kommuneplanen, for å kunne leggje til rette for felles lokal  avlaupshandtering.

Følgjande dokument er lagt ut:

Merknader, opplysningar eller spørsmål om det igangsette planarbeidet rettast til Sødorp sameige v/ Hanne Hvattum, Byrevegen 45 a, 2640 Vinstra, evt. på e-post til sodprsameige@gmail.com eller hhvattum@online.no.  

Frist for å kome med merknader eller innspel er 8.03.2020. Alle merknader og innspel skal vere skriftlege og sendast på ei av dei ovannemnde adressene.

Kontakt

Hanne Kristine Risdal
Telefon 61 21 61 72