Nord-Fron kommune

Detaljreguleringsplan for Midtstulen hytteområde

Detaljreguleringsplan for Midtstulen hytteområde

Kommunestyret har i møte 3.11.2020, sak 97/20 godkjent detaljreguleringsplan for  Midtstulen hytteområde, slik planforslaget var lagt ut til offentleg ettersyn, med nokre mindre endringar i plandokumenta. 

Endringane går fram av møtebok frå KOM-sak 97/20 (PDF, 786 kB).

Formålet med reguleringsplanen er å leggje til rette for bygging av fritidsbustader i tråd med arealdelen av kommuneplan 2018-2029, område BF 24.

Vedtaket  kan påklagast til fylkesmannen i Innlandet innan 3 veker frå kunngjeringa, dvs 10.12.2020. Klaga skal vere skriftleg og grunngjeve, og skal sendast til post@nord-fron.kommune.no eller Nord-Fron kommune, Nedregata 50, 2640 Vinstra.

Dei vedtekne plandokumenta er lagt ut nedanfor:

Kontakt

Hanne Kristine Risdal
E-post
Telefon 61 21 61 72