Nord-Fron kommune

Detaljreguleringsplan for planovergangstiltak ved Vik - offentleg ettersyn og høyring

Detaljreguleringsplan for planovergangstiltak ved Vik - offentleg ettersyn og høyring

Klikk for stort bileteUtval for miljø, landbruk og areal har i møte 21.01.2021, sak 007/21 vedteke å leggje Detaljreguleringsplan for tiltak i samband med Vik planovergang ut til offentleg ettersyn.   

Frist for merknad er 06.04.2021.

Formålet med planen er å stenge to planovergangar på Dovrebanen, km 275,333 og km 275,635, ved Vik i Kvam, samt å oppruste og utvide eksisterande tilkomstveg. For å kunne stenge dei nemnde planovergangane, blir det regulert for å utvide og oppruste tilkomstveg (610 m) med møteplass, sør-vest for togsporet. Vegen blir utvida fram til Industrivegen i nord, som vidare fører til togundergang nord for Kvam stasjon (ca. 1,8 km nord-vest for planovergang 275,333). 

Planforslaget som nå er lagt ut til offentleg ettersyn går fram av dokumenta nedanfor:

Eventuelle merknader skal vere skriftlege og  sendast på e-post til post@nord-fron.kommune.no eller per post til Nord-Fron kommune, Nedregate 50, 2640 Vinstra.

Frist for merknader er 6.04.2021.

 

Kontakt

Anders Nybakken
E-post
Telefon 61 21 61 84