Nord-Fron kommune

Detaljreguleringsplan for Vinstra park - melding om planvedtak

Detaljreguleringsplan for Vinstra park - melding om planvedtak

Kommunestyret har i møte 3.11.2020 sak 94/20 (PDF, 749 kB),  godkjent detaljreguleringsplan for Vinstra park. Kommunestyret vedtok samtidig at namnet skal vere Vinstra park.

Formålet med planen er å leggje til rette for utvikling av Vinstra sentrum med bakgrunn i prosjektet Vinstra 2046 og arealdelen av kommuneplan, vedteke 19.06.2020.  Innhaldet i planen går fram av plandokumenta nedanfor.

Reguleringsplanen er vedteke slik den var lagt ut til offentleg, med nokre mindre endringar i plandokumenta. Desse går fram av møtebok frå KOM-sak 94/20, 3.11.2020.

Av vedtaket går det fram at dei tema som det var motsegn til ved offentleg ettersyn (gjeld reglar for utandørsstøy og utnyttingsgrad for områda BKB1-3) ikkje har rettsverknad, men vil bli handtert og avklart gjennom eit nytt offentleg ettersyn. Resten av planen er gjeldande. 

Etter plan- og bygningslova § 12-4 er kommunestyret sitt vedtak gyldig utan godkjenning av fylkesmannen. Vedtaket er kunngjort i lokale aviser den 19.11.2020  og kan påklagast til fylkesmannen i Innlandet innan 3 veker frå kunngjeringa, det vil seie 10.12.2020. Klaga skal vere skriftleg og grunngjeve, og skal sendast til post@nord-fron.kommune.no eller Nord-Fron kommune, Nedregata 50, 2640 Vinstra.

Evt krav om erstatning eller innløysing må setjast fram seinast tre år frå denne kunngjerings, dvs innan 19.11.2023 jf pbl § 15-2 og 15-3.

Plandokumenta er lagt ut nedanfor:

Kontakt

Hanne Kristine Risdal
E-post
Telefon 61 21 61 72