Nord-Fron kommune

Er du digital nybegynnar?

Er du digital nybegynnar?

Laila Fjellseth frå Frivilligsentralen og biblioteksjef Marianne Bøe Jervell - Klikk for stort bilete

Treng du hjelp til å bli ein digital deltakar i samfunnet? 

På biblioteket kan du no få hjelp av frivillige til å bli meir digital.

Målet med rettleiinga er hjelp til sjølvhjelp på nettbrett, smarttelefon og PC. Ta med det utstyret du treng rettleiing på, hugs eventuelle passord og lader. Vi har og nettbrett du kan prøve ut.

Digihjelpen er eit samarbeid mellom Nord-Fron Frivilligsentral og Nord-Fron bibliotek. Det blir 4 gonger no før jul, på tysdager. Datoane er 8. november, 22. november, 6. desember, og 20. desember - alle dagane kl. 12 - 14.
Oppmøtestad er på Nord-Fron bibliotek. 
 

Tilbakemelding