Felles fagdag om traumer og livsbelastningar
Fredag 31. januar hadde barnehagane og helsestasjonen i Nord-Fron felles fagdag med Eline og Agathe frå Regionsenter for barn og unges psykiske helse (RBUP). Temaet var «Traumer og livsbelastningar – korleis møter vi det som hjelper?»
Eit viktig bodskap var at «barn treng hjelp av omsorgspersonar til å forstå erfaringane sine». Deltakarane fekk lære korleis ein kan støtte barn som opplever utfordringar – både i kvardagen og når større hendingar skjer i verda.
I pausane vart alle utfordra til å snakke med nokon dei ikkje hadde prata med før. Dette bidrog til gode faglege samtalar og styrka samarbeidet på tvers av einingar.
Fagdagen gav nyttig kunnskap og inspirasjon for å vere trygge, støttande vaksne i møte med barn som treng det mest.
Publisert 02.02.2025 13.16
Sist endra 02.02.2025 13.16