Nord-Fron kommune

Fronsvakta blir lagt ned og overført Lillehammer interkommunale legevakt

Fronsvakta blir lagt ned og overført Lillehammer interkommunale legevakt

Frå måndag 30. august 2021 skjer det endring i fysisk lokasjon av legevakt for alle innbyggarar og gjestar i Sør-Fron. Oppmøtestad for legevakt vil frå da vera Lillehammer interkommunale legevakt både på kveld/helg/høgtid/natt.

Den praktiske følga av den nye legevaktsordninga er at oppmøtestad for legevakta i Nord-Fron og Sør-Fron nå blir Lillehammer interkommunale legevakt. Dette gjeld både på kveld, helg, natt og i høgtider. Behov for oppmøte blir drøfta på telefon med operatør når ein tek kontakt på 116 117.

Viktig informasjon om legevakt til alle innbyggarar og gjestar (PDF, 634 kB) (PDF, 186 kB)

Legevakta skal nyttast når det er behov for umiddelbar hjelp, som ikkje kan vente til legekontoret har ope. Dette gjeld både for fastbuande og besøkande. Det nasjonale legevaktsnummeret gjeld framleis - 116 117. Dersom situasjonen blir sett på som alvorleg skal ein kontakte ambulanse/AMK på 113.

Alvorlegheitsgradane når ein kontakter legevakta er

  • Grøn = innringar kan normalt vente til fastlegens opningstid. Operatør gir råd og rettleiing ut frå aktuell situasjon
  • Gul = innringar blir sett opp til konsultasjon ved legevakta. Ut ifrå tilstand kan det bli beslutta å få transport til legevakta på Lillehammer.
  • Raud = innringar treng ambulanse, rekvirert av legevakta.

 

Legebesøk som vanleg

Legetimar blir framleis bestilt elektronisk eller via telefon til fastlegekontoret. Legekontoret ivaretek også eventuelle behov for umiddelbar medisinsk hjelp på dagtid. Dersom din fastlege ikkje er tilstades vil vikar eller andre fastlegar ivareta dine behov.

Vinstra legekontor har telefon 61 21 63 00