Nord-Fron kommune

Koronavirus i Nord-Fron

Gjenopning av grunnskolen

Gjenopning av grunnskolen

Klikk for stort bileteMåndag 11. mai gjenopnar alle grunnskuletrinn i Norge. Nærare informasjon er sendt ut til alle føresette. 

Måndag opnar både 5. - 7. trinn, og ungdomsskoletrinna. Kva informasjonen som er sendt heim kjem an på i kva trinn eleven går i.

5. - 7. trinn: fullt skoletilbod frå 11. mai. 

8. - 10. trinn: rullering mellom tradisjonelt skoleoppmøte og fjernundervisning.

Informasjon om skoleskyss

Kommunen har i skriv til føresette oppfordra om å unngå skyss i skolebuss, dersom det let seg gjera.

Det er ikkje å forvente at alle kan bli køyrd til skolen av føresette eller sykle sjølv, men færre passasjerar på skolebussen gir betre høve for å innfri smittevernskrava, også til og frå skolen.

Operatør av skoleskyssordninga klarar ikkje å gje fullt tilbod måndag og tysdag. Dette gjeld primært ungdomsskoleelevar - info om dette blir utsendt frå ungdomsskolen.