Gjer som Gøril, sykle til jobben!

3. mai starta sykle til jobben-kampanjen opp.  Alle som bur og jobbar i Nord-Fron kan vere med gratis. Nord-Fron kommune har betalt for deg.

Gøril syklar til og frå jobb på kommunehuset fleire gonger i veka. Ho bur i Toksefeltet så det er greitt å bruke el-sykkel

Du MÅ ikkje sykle

Uansett om du syklar, går, tek ein joggetur, spelar fotball eller anna tel det som aktivitet. Registrer aktiviteten din mellom 3. mai og 16. juni for å vere med i trekninga av spennande premiar.

Sykling til jobben motiverer til ein meir miljøvennleg og aktiv reiseveg og kvardag. All aktivitet til og frå jobb og på fritida gir poeng. Både sykling, gåturar, styrketrening, fotball, fjellturar og alt anna kan loggast i appen Bedriftsidretten. Gjennom kampanjen får du inspirasjon, utfordringar og moglegheiter til å vinne premiar.

Nord-Fron kommune ønsker å motivere deg til å verte meir aktiv, og sponsar deltakaravgifta for alle som bur eller jobbar i kommunen.

Les meir og registrere deg i kampanjen her: https://www.sykletiljobben.no

 

GDPR og personvern

Du kan lese meir om GDPR og personvern på Bedriftsidretten.no. Hugs å slette informasjonen du har lagt inn når kampanjen er ferdig om du ikkje vil ha det lagra der. Du kan også be om at Bedriftsidretten gjer det for deg.