Nord-Fron kommune

Helsefagarbeidarar trår til som arbeidshjelp ved behov

Helsefagarbeidarar trår til som arbeidshjelp ved behov

Klikk for stort bileteElevar ved helsefagarbeidarlinja saman med avd.leiar korttidsavdelinga på Sundheim Irene Milsteinhaugen Budsberg og lærar Tine Slang10 elevar i 2HEA ved Vinstra vidaregåande skule har meldt seg som ekstravakter på Sundheim i tilfelle det blir behov for ekstra personell pga korona i Midt-Gudbrandsdal. Sundheim Bo- og treningssenter har ansvar for evt behandlingstrengande koronapasientar i Midt-Gudbrandsdal.

Elevane skal ikkje arbeide med koronapasientar, men erstatte det faste personellet. Dei skal fortrinnsvis arbeide på korttidsavdelinga, der halvparten av pasientane er på den delen av avdelinga der koronapasientane ikkje er. På den andre delen er koronapasientane. Dei to delane av avdelinga blir heilt atskilt på alle område og på alle vis, fysisk og med omsyn til personell.

Avdelingsleiar ved korttidsavdelinga ved Sundheim, Irene Milsteinhaugen Budsberg, har informert elevane på skulen og har ansvar for å lære opp elevane . Det kan bli aktuelt å bruke desse elevane på andre avdelingar på Sundheim også. Elevane skal utføre grunnleggjande stell og pleie. Elevane får vanleg løn frå Sundheim for arbeidet.

Lærar Tine E. Slang har undervist elevane i hygiene og smittevern.
Elevane er ekstra forsiktige da dei har eit spesielt ansvar. Dei er forbilde for andre, og dei må halde seg friske så langt det er mogleg slik at dei kan stille på vakt.

På bilete ser du avdelingsleiar Irene Milsteinhaugen Budsberg saman med elevane frå 2HEA: Solvår Byrløkken, Andrea Eli Stø, Tiril Rolstad, Halldis Ruststuen, Hedda Haverstadløkken, Maria Lønstad, Fatema Al-Zein, Linnea Bakken, Emily Halvorsen-Weikle, Ida Kristine Ringlund og lærar Tine Slang.