Du er her:

Høyring - Forskrift om ferdselsforbod mot sykling på landbruksveg i Frydalen

Nord-Fron kommune v/ utval for landbruks-, utmarks- og miljøsaker (møte 31.01.2018, sak 004/18) og Sør-Fron kommune v/ formannskapet (møte 22.01.2018, sak 007/18), har vedteke å leggje ut forslag til forskrift om ferdselsforbod mot sykling på landbruksveg i Frydalen, frå Fløtardammen i Sør-Fron til Per Gynt seterveg i Nord-Fron.

Forslaget inneber at det blir etablert eit ferdselsforbod mot sykling på og langsmed landbruksveg i Frydalen, frå Fløtardammen i Sør-Fron kommune til Per Gynt seterveg i Nord-Fron kommune. Føremålet med forskrifta er å avgrense konflikten som sykling kan medføre i møte med villreinstamma i Rondane sør.

Høyringsuttale til saka kan merkast med «Høyringsuttale til forskrift om ferdselsforbod mot sykling på landbruksveg i Frydalen, frå Fløtardammen i Sør-Fron til Per Gynt seterveg i Nord-Fron», og sendast per brev eller e-post til:

Nord-Fron kommune, Nedregata 50, 2640 Vinstra
eller elektronisk til post@nord-fron.kommune.no

eller

Sør-Fron kommune, Kommunevegen 1, 2647 Sør-Fron
eller elektronisk postmottak@sor-fron.kommune.no

Ein ynskjer å eventuelt starte arbeidet med landbruksvegen i løpet av sommaren 2018. Kommunane har derfor satt ei høyringsfrist på 4 veker, jf. forvaltningslova § 37. 

Frist for å gi høyringsuttale er 05.03.2018.

Link til:

 

Publisert av Anne Grete Bakkene. Ansvarleg Geir Johan Groven. Sist endra 05.02.2018 08:11
Fann du det du leita etter?

Nord-Fron kommune Nedregate 50 2640 Vinstra | post@nord-fron.kommune.no | Tlf 61 21 61 00 | Faks 61 21 61 01

Åpningstider: Alle kvardagar kl.08:00 - 15:30. Organisasjonsnummer: 83 98 93 132

Webredaktør: Anita W Heggestuen |Følg oss på Twitter | Følg oss på Facebook

Nord-Fron kommune | Midt i Peer Gynts rike

Login for redigering