Nord-Fron kommune

Informasjon til deg med vassmålar

Informasjon til deg med vassmålar

Har du vassmålar? No er det på tide å lese av målarstand!  
Men korleis fungerar avlesing og innmelding av målarstand? 

Innmelding av målarstand for abonnentar på kommunalt anlegg med vassmålar kan gjerast på tre måter: via SMS, på nett, eller med avlesningskort.   

Innmelding via SMS  

Nord-Fron kommune ønskjer å få mest mogeleg registrert via SMS og oppfordrar difor alle til å svare på den utsendte SMS (vart sendt ut fredag 29. oktober 2021).  

  • Når du les av målarstanden, tek du ikkje med raude tall eller tal bak komma – skriv berre tal før komma.
  • Send berre tala som svar på SMS. Dersom du sender med tekst eller anna info vil ikkje SMS bli registrert i det heile tatt.

 Etter innmeldt målarstand via SMS vil du få ei bekrefting tilbake.   

Frist for innmelding via SMS er 7. november 2021.   

Dersom du ikkje svarar på SMS, får du først ei purring, deretter får du tilsendt avlesningskort.   
Svar på SMS etter frist blir ikkje registrert.   

Innmelding via avlesningskort  

Avlesningskort (papir) blir på vanleg måte sendt til deg som ikkje er oppført med mobilnummer. Dette blir sendt ut i løpet av veke 44. 

Dei som eventuelt ikkje svarar på SMS, eller purring SMS får  tilsendt avlesningskort i veke 46.

Når du mottek avlesningskort kan du registrere avlesninga di på nett (sjå under) eller retunere svarslipp.   

Frist for innsending av avlesningskort er 1. desember 2021.  

Innmelding via nett  

For å melde inn målarstand via nett, klikk deg inn på www.leseav.no 

Her oppgjev du ei 6 teikns registreringskode som du ser på avlesningskortet (koda er for å knytte registreringa di til rett målar/målarpunkt).  

Frist for avlesning via nett er 1. desember 2021.   

For sein til å melde inn?  

Dersom du ikkje får lest av målarstand før etter at fristen har gått ut; 1. desember 2021, vil forbruket ditt bli stipulert med grunnlag i det som vart avlese i 2020.