Klart for eigenberedskapsveka

Har du det du treng for ei veke i heimen?

Viktig å vere forberedt

Husholdningsartiklar og brosjyre plassert på bord i mørklagt rom - Klikk for stort bileteBrosjyre kjem via posten til alle husstandar Daniel Fatnes / DSB

For vi lever i ei stadig meir uroleg verd – blant anna som følgje av klimaendringar, krig og digitale trugsmål. Sjølv om det meste fungerer som det skal i Norge, må vi vera forberedt på at ekstremvér, pandemiar, ulukker, sabotasje og i verste fall krigshandlingar kan råka oss.  

Korleis vil du og dine næraste klare dykk viss straumen blir borte ein lenger periode? Kva gjer du viss vatnet forsvinn? 
 

Kva viss du ikkje får handla på ei veke? 

Bilde av plastdunk som blir fyllt opp med vatn - Klikk for stort bileteDu bør ha reint vatn lagra på dunkar Daniel Fatnes / DSB

Her finn du ei oversikt over mat du bør ha i huset i tilfelle krisesituasjon.

Utstilling på Nord-Fron bibliotek

På Nord-Fron bibliotek vil det i tida frå 30. oktober vere ei utstilling som viser kva du bør ha lagra av utstyr og mat  i heimen din i tilfelle krisesituasjon som t.d. langvarig bortfall av straum.

Bilde av stormkjøkken og gassbehaldar  - Klikk for stort bileteStormkjøkken og ekstra gassbehaldar er viktig å ha som alternativ til elektrisk komfyr Simen Prestaasen/DSB

Eigenberedskapsveka 2024 og tilsendt brosjyre i posten

Eigenberedskapsveka 2024 er i veke 44, 28. oktober - 3.november. Denne veka er det altså spesielt fokus på eigenberedskap, som først og fremst handlar om å vera budd dersom det skulle skje store hendingar som på eit eller anna vis lammar heile eller deler av eit samfunn. Alle husstandar får denne veka tilsendt ei brosjyre i posten med oppdaterte råd om eigenberedskap. Norske styresmakter tilrår at flest mogleg er forberedt på å klare seg sjølv i éi veke. Det er fordi kommunar og naudetater må prioritere dei som ikkje klarar seg utan hjelp i ei krise. Ta vare på brosjyren.

Les meir om korleis du kan bidra til Noregs beredskap.