Du er her:

Kommunal tilskotsordning til lokale arrangement

Søknad frå Gålå Ski NM 2017/ Gålå IL fekk innvilga støtte til arrangementet NM i langrenn i mars-april 2017. - Klikk for stort bilete Nord-Fron kommune ønskjer å støtte lokale arrangement. Dette mellom anna for å kunne stimulere lokale aktørar til å satse på større arrangement som kan skape engasjement og ringverknader regionalt/nasjonalt og som i sintur er med på å gjera innbyggjarane stolte av kommunen.

Positiv omdømmebygging, og ønskje om tilflytting er også viktige stikkord i dette stimuleringstiltaket.

I årsbudsjettet 2017 og økonomiplan 2017-2020 er det sett av kr. 300.000 årleg til eige løyvingskonto for formannskapet til arrangementstilskot.

Eigne retningsliner for støtteordning for større arrangement (PDF, 196 kB)vart vedteke 01.04.2014.

Formannskapet behandla på møte 15.mars 2017 innkomne søknader på ordninga. Det var tilsaman 7 søknader innkome innan søknadsfristen og alle søknadane vart innvilga tilskot. 

Her finn du møteboka til formannskapet sak 27-17.

Publisert av Anne Grete Bakkene. Ansvarleg Ingebjørg T. Bergum. Sist endra 16.03.2017 10:17
Fann du det du leita etter?

Nord-Fron kommune Nedregate 50 2640 Vinstra | post@nord-fron.kommune.no | Tlf 61 21 61 00 | Faks 61 21 61 01

Åpningstider: Alle kvardagar kl.08:00 - 15:30. Organisasjonsnummer: 83 98 93 132

Webredaktør: Anita W Heggestuen |Følg oss på Twitter | Følg oss på Facebook

Nord-Fron kommune | Midt i Peer Gynts rike

Login for redigering