Nord-Fron kommune

Kreativ verkstad om framtidas helsetilbod i Nord-Fron

Kreativ verkstad om framtidas helsetilbod i Nord-Fron

Kommunestyret i Nord-Fron har bestilt ein komplett plan for helse og omsorg. Tysdag 17. januar vart det gjennomført medverkningsverkstad som eit ledd i utforming av planen. 

Det var sektorsjef for helse, Bente Joten Skog, som inviterte inn til medverkningsverkstad. 

"Kommunestyret har bestilt ein plan for helse og omsorg. Denne verkstaden skal peike ut retningen for planen, som vi har mål om at er klar til sommarferien", innleia Joten Skog med. 

I verkstaden deltok politisk leiing, ansattrepresentantar, leiar frå eldrådet, alle leiarar innan sektor helse, personalsjef, kultur og kommunikasjon, Frivilligsentralen, og teknisk med blant anna boligutvikler. 

Det var Kompetansesenter for offentlig innovasjon ved Høgskolen i Innlandet som var ansvarlege for workshopen. 

Anne, 75 år

Verkstaden var organisert som kafédialog, kort alle vart delt inn i fem grupper med fem tilhøyrande tema. Ein kafévert heldt tråden i alle innspel som kom. 

Alle gruppane tok utgangspunkt i livssituasjonen i Anne på 75 år. Ho bur og trivst i Nord-Fron i år 2040, og kvart kafébord skulle finne ut kva som var gjort i kommunen sidan 2023 for å gi Anne ein så god livssituasjon som råd. 

Det kom inn mange nyttige innspel, som no skal jobbas vidare med, og som til slutt skal inkorporeras i helse og omsorgsplanen. 

Sjå bilete frå verkstaden her: 

Tilbakemelding