Nord-Fron kommune

Kunngjering - høyring av namnesak

Kunngjering - høyring av namnesak

Klikk for stort bileteStatens kartverk har reist namnesak for ein del lokale stadnamn i Nord-Fron med fleire skrivemåte. Bakgrunn er å få avklart rett skrivemåte for offentleg bruk. Jf. §8 i stadnamnlova, er namnesaka sendt på lokal høyring.

Frist for merknader er 18.04.2021.

Det går fram av liste nedanfor kva for namn som er med i saka, og som det er ønskje om innspel på skrivemåte:

Namneliste (PDF, 381 kB)

For fleire opplysningar om namna, sjå innsynsløysinga  SSR: www.norgeskart.no/ssr/. For meir informasjon om bruksnamna, sjå https://seeiendom.kartverket.no (søk på: gnr./bnr., namnet på kommunen.)

Kartverket har vedtaksrett for skrivemåten av mellom anna nedervde gards- og bruksnamn, seternamn og naturnamn. Eigarar og festarar har rett til å uttala seg om gardsnamn og bruksnamn, og lokale organisasjonar har rett til å uttala seg om skrivemåten av namn som dei har særleg tilknyting til.

Etter lova skal skrivemåten fastsetjast med utgangspunkt i den nedervde, lokale uttalen av namnet. Difor bed me om at alle som uttalar seg, opplyser kva som er den lokale dialektuttalen. Dersom namnet vert uttalt på ulike måtar, bed me om å få opplyst dei forskjellige uttaleformene.

Kommunen har ansvaret for å innhenta og samordna dei lokale høyringssvara. Høyringsmerknader skal merkast med arkivsak 20/881, vere skriftlege og sendast til post@nord-fron.kommune.no eller Nedregate 50, 2640 Vinstra.

Frist for merknader: 18.04.2021.

Brev med informasjon frå Statens kartverk. (PDF, 324 kB)

Kontakt

Gøran Egil Rannstad
oppmålingsingeniør
E-post
Telefon 61 21 61 59
Mobil 911 62 887
18.02.2013 07:46:57