Nord-Fron kommune

Ledig stilling som rektor ved Vinstra ungdomsskole

Ledig stilling som rektor ved Vinstra ungdomsskole

Klikk for stort bileteNord-Fron kommune rekrutterar no til stillinga som rektor ved Vinstra ungdomsskole. Søknadsfristen er forlenga til 15. april.

Rektor/tenesteleiar har budsjettansvar og arbeidsgjevaransvar for tenesteområdet og skal utøve arbeidsgjevarrolla i nært samarbeid med andre tenesteleiarar og sektorleiinga.

Det er spennande og krevjande oppgåver knytt til utvikling av ei teneste med stort potensial. Det vil vere viktig med eit tydeleg fokus på effektiv organisering av oppgåver, klar ansvarsfordeling, arbeidsmiljø, samt etiske og faglege haldningar i eininga.


Sentrale oppgåver er å:

  • Leie og motivere medarbeidarar til samarbeid og målretta innsats for å auke læringsutbytte for elevane og sikre elevane sin trivsel ved skolen.
  • Forvalte skolen sine totale ressursar på ein måte som sikrar god undervisning og læring.
  • Delta i og utvikle gode leiarteam på tvers av tenesteområda i kommunen.
  • Kontinuerleg vidareutvikle skolen i tråd med lokale og nasjonale føringar.
  • Arbeid med å vidareutvikle skolen som ein lærande organisasjon.

Sjå heile utlysninga her!