Nord-Fron kommune

Koronavirus i Nord-Fron

Lokal smittevernplan for gudstenester

Lokal smittevernplan for gudstenester

Klikk for stort bileteKvam kyrkje Nord-Fron kyrkjelege fellesråd har no under koronasituasjonen utarbeidd ein lokal smittevernplan for gudstenester, dåp, vigsel og gravferd.

Nord-Fron kyrkjelege fellesråd har fulgt dei retningslinjene som biskopen har kome med og dei er i samsvar med statleg og lokalt smittevern. 

I smittevernplanen er det satt opp maksimalt antal personar som kan delta på gudstenestene :  

Kvam kyrkje 50 personar

Sødorp kyrkje 50 personar

Kvikne kyrkje 44 personar

Sødorp kapell 36 personar

Skåbu kyrkje 34 personar

Alle deltakarar skal halde minimum 1 m. avstand (gjeld ikkje dei i same husstand). Program/gudstenesteark blir lagt ut i benkar/stolar for å markere tilgjengelege sitjeplassar.

Kyrkjekontoret skal føre oversikt over dei som er tilstades på arrangement og oppbevare denne informasjonen innelåst før makulering (10 dagar) og det er krav om kyrkjevert til stades ved gudstenestene. Kyrkjevert har ansvar for deltakarregistrering og syte for informasjon til deltakarar.

Sjuke personar kan ikkje delta på kyrkjeleg arrangement og det vert ikkje kyrkjekaffi i samband med gudsteneste. Kyrkjeofringar kan ikkje skje med mottak av kontantar. Kun VIPPS

Kyrkja sine salmebøker skal ikkje nyttast og det vert nytta eingongsbeger til nattverd.

Planen inneheld også detaljert tiltaksplan der tiltak og ansvar er fordelt på kyrkjeleg tilsette.