Nord-Fron kommune

Melding om planvedtak - detaljreguleringsplan for Givra - del 1

Melding om planvedtak - detaljreguleringsplan for Givra - del 1

Kommunestyret har i møte den 18.februar 2020 eigengodkjent detaljreguleringsplan for Givra - del 1, slik den var lagt ut til offentleg ettersyn i perioden 6.12.2019 -3.02.2020, med nokre mindre endringar.

Samtidig vart delar av følgjande reguleringsplanar oppheva i medhald av plan- og bygningslova §12-14:

  • reguleringsplan for E6 Lomoen-Kvam, vedteke 14.11.17.
  • reguleringsplan for Midtmoen bustadområde, vedteke 21.2.12.
  • reguleringsplan for Kongslimoen, vedteke 23.10.12.
  • reguleringsplan for Vinstra vest – endring, vedteke 24.10.1974

Reguleringsplanen legg i hovudsak til rette for flaumsikringstiltak i bekken Givra, Vinstra vest, og omfattar strekninging oppstrøms bustadområdet ved Lohaugvegen og Givravegen ned til Skåbuvegen.

Det vart fremja 2 motsegner mot planforslaget. Desse er imøtekome, jf. vedtekne endringar i plandokumenta.

Endringane går fram av møtebok frå kommunestyret si behandling, KOM-sak 02/20. Følgjande dokument er lagt ut:

Det er høve til å klage på vedtaket, jf. forvaltningslova §§ 28-32. Klagefristen er 3 veker frå kunngjering, dvs. 16.04.2020. Eventuelle krav om erstatning og innløysing må setjast fram seinast 3 år frå kunngjeringa, dvs innan 26.03.2023, jf. §§ 15-2 og 15-3 i plan- og bygningslova.

Kontakt

Hanne Kristine Risdal
Telefon 61 21 61 72