Nord-Fron kommune

Nasjonal tilskotsordning for å inkludere barn og unge 2020

Nasjonal tilskotsordning for å inkludere barn og unge 2020

Klikk for stort bilete Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (BUFDIR) utlyser midler gjennom "Nasjonal tilskotsordning for å inkludere barn og unge 2020". I alt er det 310 millioner som blir fordelt. 
Søknadsfrist er 13. desember. 

Tilskotsordninga skal vera eit virkemiddel for å betre moglegheitene for at fleire barn og unge skal få delta på viktige sosiale arenaer, som ferie- og fritidsaktivitetar, uavhengig av inntekt til foreldre og sosial situasjon. 

Offentlege instansar, private aktørar og frivillige organisasjonar kan søke om støtte. Søkarorganisasjonen lyt ha organisasjonsnummer på søknadstidspunktet. 

Les meir om tilskotsordninga og sjå heile utlysninga her!

Søknadsskjema finn du i Søknadsportalen til BUFDIR. 

Søknadsfrist: 13. desember. 

Kontakt

Ingebjørg T. Bergum
Kulturleiar
E-post
Telefon 61 21 62 06
Mobil 901 10 350
25.01.2013 08:17:54